Då slangeutstillinga vart opna av Synnøve Svabø, iført ein topp i slangeskinnsmønster, uttalte direktør Stig Sægrov at gifta frå den farlegaste slangen kunne ta livet av 300 sauer.

Då dei tilsette ved Akvariet ville vite kva dei skulle gjere dersom nokon fekk eit bitt, var svaret frå Sægrov at dei skulle sendast strake vegen til Karolinska sjukhuset i Stockholm. Det rådet hadde han fått frå Haukeland sjukehus, fordi dei sjølve ikkje hadde ekspertise på slik gift.

Ei stund var det også snakk om å skaffe motgift, men då denne til slutt nådde Akvariet i Bergen, var posen lekk og dessutan utgått på dato.

Sægrov stelte sjølv

Den manglande beredskapen gjer at eksdirektør Sægrov også er tiltalt for brot på arbeidsmiljølova. Han hadde ikkje klarlagt kva gifter som fanst i slangane, trass i at fleire tilsette deltok både i vatning, foring og transport av dyra.

— Vi spurde fleire gonger, både om motgift og kva vi skulle gjere dersom nokon fekk bitt. Det fanst ingen skriftlege varslingsrutinar eller kriseplanar, sa dyrepassar Ulf Joachim Ekeli, som også var verneombod ved Akvariet. Han var sjølv med og stelte slangane, og likte ikkje alltid korleis ting vart gjort - blant anna under ei presse-framvising av slangane i Trondheim.

— Slangane vart pakka ut i eit lite rom med mykje folk. Det skulle ikkje mykje til før det kunne endt katastrofalt, sa Ekeli.

Tiltalt for økonomisk vinst

Hovudansvaret for slangestellet var det Sægrov sjølv som hadde. Dei giftige slangane vart fora med levande mus og rotter.

— Er det lov da? ville dommar Gunnar Torkildsen vite.

— Det var vel i grenseland, svarte Sægrov.

Sægrov er også tiltala fordi Akvariet tente pengar på dyra etter at han hadde skjønt dei var ulovleg importert og under særskilt internasjonalt vern.

Dersom Sægrov blir dømt etter tiltalen, risikerer han i verste fall ei kortare fengselsstraff. Det skal ikkje finnast samanliknbare saker frå norske rettssalar tidlegare. At etterforskinga av saka har tatt så lang tid vil vere eit formildande element ved ei eventuell straffeutmåling.

Det er sett av fire dagar til saka i Bergen tingrett.

IKKJE BITEN: Synnøve Svabø stod for opninga av slangeutstillinga i 2001. Heldigvis blei ho ikkje biten. Den farlegaste av slangane kunne nemleg, ifølgje Stig Sægrov (t.h), ta livet av 300 sauer. ARKIVFOTO: KNUT STRAND