ARNE HOFSETH

— Ein akutt sjuk person på ein stad som Finse kan vera ei katastrofe i seg sjølv, seier kommunelege Unni Bilsbak som har utarbeidd helseplan for Ulvik herad.

Ho har røynsle for kor hjelpelaus ein lege kan vera når noko uventa skjer, og ein ikkje har noko å hjelpa seg med. Fredag var ho på Finse for å utplassera akuttberedskapen på høgfjellet.

— Men fastlege finst ikkje så høgt til fjells?

— Ingen fast lege, nei, men svært ofte er det både legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell på toget, hotella eller hyttene som kunne ha redda liv med rette hjelpemidla for hand. Også andre kan trø til i eit naudstilfelle.

Akuttsekken og hjartestartaren vert ståande innelåst på hotellet, og førebels er fire personar tiltrudde nøkkel; leiaren i hjelpekorpset, hotelldirektøren, ein advokat og driftssjefen på hotellet.

Kommunelegen har gitt dei fire opplæring slik at dei kan bruka utstyret under telefonisk rettleiing frå AMK-sentralen på Voss.

Den kompakte Akuttsekken inneheld mellom anna utstyr til ventilering, intravenøs vesketilførsel og både nål og tråd til sying av sår.

<b>UTRYKKINGSKLAR:</b> Kommunelege Unni Bilsbak og hjelpekorpsleiar Tor Schei Hellsnes gjer driftsleiar ved Finse 1222, Kristian Bjørgo Johnsen, klar for akuttinnsats, med hjartestartar i skulderveske og akuttsekken på ryggen.