— Som nyutdanna fekk eg høyre at akupunktur berre hadde effekt på kinesarar, og berre eit fåtal av pasientane turde å fortelje legen sin at dei tok akupunktur, fortel Alræk til BT.

— Men haldningane har forandra seg veldig i løpet av åra. Akupunktur er i ferd med å bli anerkjent i Norge.

Bergensaren skal etter planen disputere for doktorgraden neste år, og blir den første norske akupunktøren med dr. philos-tittel.

- Vi må ha dokumentasjon

Alræk var ferdig utdanna i London i 1982, og har gjennom mange år som utøvande akupunktør høyrt pasientar gje uttrykk for at behandlinga er til hjelp.

Men faget har mangla vitskapleg dokumentasjon, og skulemedisinen har vore skeptisk. Hittil er det berre dokumentert at akupunktur har effekt på kvalme - hos nyopererte, gravide og barn som får cellegift.

I tillegg viser fleire studier at akupunktur kan ha positiv effekt.

— Men nye NOU-tal viser at kvar tredje nordmann har gått til alternativ behandling. Når så mange oppsøker alternativ behandling, bør det forskast på det. Skal akupunktur inn i det offentlege rom i form av refusjonar og ordningar, må vi ha dokumentasjon på at det har effekt, seier Alræk.

Til Kina i april

— Når eg tek på meg forskarbrillene, må eg heile tida spørre: Kva er det som gjer at dette verkar? Kva kan vere ein mogleg forklaringsmodell?

Akupunktur er ei mange tusen år gamal kinesisk behandlingsform. Alræk har aldri vore i Kina før, og reiser for første gong i april for å knyte kontakter i det kinesiske forskingsmiljøet. Turen er i regi av Helse- og sosialdepartementet, og er del av helseavtalen mellom Norge og Kina.

FØRST UT: Stipendiat Terje Alræk har arbeidd som akupunktør i Bergen i tjue år, og blir truleg den første i si yrkesgruppe som tek doktorgrad i Norge.