Så seint som i februar i år stilte ein målsmann for Bergen kommune på Voss Husflidskule og lovte gull og grøne skogar. No har pipa fått ein annan lyd, fortel elevane på VKI aktivitør til Bergens Tidende.

Berre ein elev av årets kull har fått læreplass i Bergen, ein har fått plass på Valen i Kvinnherad og ein i Førde. Det er dei yngste som blir prioritert, dei med lovfesta rett på vidaregåande utdanning.

Men i klassen på 14 er heile ti elevar godt vaksne; folk som må omskolera seg etter at jobben deira i Posten og i andre etatar og firma er blitt borte. Dei har no gjort unna to år på skule, pådrege seg studiegjeld, og får ikkje fullført utdanninga med to års læretid og fagbrev.

— Dei har kasta blår i auga på oss, seier Nora Mykkeltvedt. Ho er likevel mest oppteken av at brukarane får li når utdanninga av aktivitørar stoggar opp. Pasientane rundt om på heimar og omsorgssenter blir sitjande passive til pleiepersonell må ta hand om dei døgeret rundt.

Klassen ved Voss Husflidskule er den einaste for aktivitørar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Meir enn 70 kommunar, og enda fleire institusjonar, har ikkje meir enn tre-fire læreplassar å tilby.

— Årsaka er stram kommuneøkonomi, forklarer helse- og sosialsjef Magne Vassenden i Voss kommune.

Ole Martin Vevatne, lokal hovudtillitsvald i Kommunalansattes Fellesorganisasjon (KFO) er fortørna over at Voss kommune ikkje tek inn ein einaste aktivitørlærling i år, og har utfordra rådmannen til å gje ei utgreiing på neste samrådingsmøte.

Vevatne er redd for at kommunane vil kutta ut aktivitørar i stor stil. Dei har nok med å finansiera lovpålagde stillingar. Sosialminister Ingjerd Schou sine alvorsord i «Kvalitetsforskriften» (Stortingsmelding nr. 45) kan lett bli fagre lovnader, og ingenting anna, for dei som har satsa tid og pengar på dette omsorgsyrket overfor eldre, fysisk og psykisk utviklingshemma og funksjonshemma.

I AKTIVITET: Frå aktivitørlina ved Voss Husflidskule. Lærar Turid Nygaard demonstrerer teknikk for snortvinning for elevane Birte Ottesen (t.v.), Guro Yndestad (ved symaskinen) og Ida Nestås. I bakgrunnen Nora Mykkeltvedt. <br/>Foto: ARNE HOFSETH