Ho var med i fremste linje i motstandskampen då fødestova i Årdal skulle avviklast. No kjempar ho mot at fødeavdelinga i Lærdal blir erstatte med ei fødestove. Ironi? Nei, meiner talskvinna for aksjonen «Forsvar Lærdal sjukehus»:

— Fødestova var det vi hadde i Årdal. Då eg skulle ha siste ungen, var fødestova lagt ned. Så den gongen var det med båt utover fjorden til Lærdal. Nokre år etter kom vegen, og med eitt var sjukehuset nær oss. Men når vi først har fått eit nært tilbod, skal det fjernast. Det er den verkelege ironien i denne saka.

Oppnådd mykje

Det skulle vare nokre månader, kanskje til mars, trudde sjukehusforkjemparane då dei mobiliserte. Men nokre månader har blitt til mange. No kan avgjerda komme kva dag som helst.

— Kva om det blir nederlag, altså fødestove?

— Det er veldig spennande no. Men uansett har vi nådd mykje. Hugs at i desember 2002 skulle Lærdal bli noko dei kalla distriktsmedisinsk senter. Sjukehuset ville stått vesentleg svakare i dag, om ikkje folk i Indre Sogn hadde vist slikt engasjement. Og så har vi vore med å dra i gang sjukehusaksjonen på nasjonalt plan.

I tillegg til å vere sjukehusaksjonist, ha full jobb på HMR Hydeq, ei bedrift som produserer spesialkøyretøy for smelteverksindustrien, sit 44-åringen også i kommunestyret. Eigentleg skulle ho vere listefyll for SV, men susa rett inn i kommunestyret.

— Eg fekk vel bra draghjelp gjennom sjukehusaksjonen, trur kommunepolitikaren.

Lettrørt lesehest

Når Siv Enerstvedt ikkje er ein offentleg person, brukar ho tid på bøker og film. I 20 år har ho vore med i ein bokring med andre årdalsdamer. Ein hard kjerne på fem har vore med heile tida.

— Vi møtest med jamne mellomrom og snakkar om bøker. Kvar gong har ei i oppgåve å leggje fram ein kritikk av ei bok. Det er veldig sosialt.

— Beste boka du har lese?

— Å, den var vanskeleg. I det siste er det «Ut å stjæle hester» av Per Petterson. Bergljot Hobæk Haff og André Brink er forfattarar eg set pris på. Og så er eg glad i krim, Henning Mankell står høgt i kurs.

Film er ein annan lidenskap.

— Eg elskar å sjå på film. Helst drama eller krim, men eg er altetande utanom science fiction og voldsomme actionfilmar. Det kan gjerne vere filmar som set fart i tårekanalane. Ungane elskar å erte meg fordi eg lever meg så inn i filmane og er så lettrørt.

Engasjement

44-åringen kom til verda i Haugesund, og framleis kan spor av rogalandsmål høyrast i dialekten. Men frå 1969 har ho meir eller mindre budd fast på Årdalstangen.

Samfunnsinteresse er hennar eiga forklaringa på det sterke engasjementet for sjukehuset.

— Sjukehuset er ein del av ein større samanheng. Det viktig for heile regionen. Skal vi få folk til å bu i distrikta, må vi ha gode tilbod. Det er ingen vits i å setje ned ein Distriktskommisjon, når tilboda som verkeleg betyr noko for folk i distrikta blir lagt ned, seier Enerstvedt.

— Helseministerens avgjerd kan komme kva dag som helst. Blir «Forsvar Lærdal sjukehus» då lagt ned?

— Nei, men vi vil nok gå over i ein annan fase. Men vi skal følgje med. Dei skal ikkje få døy i synda.

AKSJON: Det var vore fleire aksjoner til støtte for fødeavdelinga ved Lærdal sjukehus.<p/> FOTO: JENS HAUGE