— Eg kom fram litt før halv fem, men då var båten gått, seier Vegar Blindheim, som fekk ei ufrivillig ekstranatt i Stavanger.

Frå nyttår går hurtigbåten til Bergen klokka 17.15 i staden for 17.30 på søndag. Det stadfester kapteinen på hurtigbåten «Vingtor», som elles ikkje vil kommentere saka..

Men det visste ikkje Blindheim.

Ifølgje han var dei i alt ni som stod att på kaia, alle med billettar påtrykt den gamle avgangstida 17.30.

— Eg ringde «Vingtor» og spurte om dei kunne snu og hente oss, men det kunne dei ikkje. Så spurte eg om HSD då dekkjer flybilletten, men då fekk eg berre ein god latter, seier Blindheim.

Sidan det var siste båten for kvelden, vart det ei ekstra natt i Stavanger for sunnmøringen.

— Eg slepp hotell, men eg reknar med at andre må ha det. Eg får ringe i morgon og kome meg på ein annan båt, seier Blindheim, som bur i Bergen men hadde feira inngangen til det nye året i Stavanger.

I dag skulle han gå på jobb i Bergen, men den første arbeidsdagen i det nye året går no fløyten.