• Denne kampen har vi ikkje tenkt å tapa, seier Audun Lysbakken. SVs nestleiar melder at kampen mot luftspenn i Hardanger er i gang i regjeringa.

— Vi er klare til å arbeida med denne saka. Det vi må få gjennomslag for, er ein ny politikk på dette området. Det handlar ikkje om å erstatta luftspenn med kabling overalt, men nytta kabel der det står om vern av viktige landskapsverdiar, seier Audun Lysbakken.

— Er denne saka i Hardanger så viktig for SV at partiet om nødvendig vil ta dissens i regjeringa?

— Det er det for tidleg å seia noko sikkert om. Men vi har ikkje tenkt at vi skal tapa denne saka. Når lokalsamfunn engasjerer seg så sterkt som vi ser i Hardanger, så bør det vega svært tungt både for SV og for regjeringa, seier Audun Lysbakken.

Sak for bystyret

I dei to andre regjeringspartia er motstanden mot luftspenn meir spreidd. På Sp sitt landsmøte i 2007 fekk Hordalands-gjengen, under leiing av Magnar Lussand, gjennom eit vedtak som var berre millimetre frå eit beint nei til luftspenn frå Sima til Samnanger.

Arbeidarpartiet nasjonalt har vore vag på dette spørsmålet. Men styret i Hordaland Arbeiderparti kravde i ein uttale frå juni i år at kraftlina mellom Sima og Samnanger vert lagt i kabel gjennom Hardanger. Styret kravde samtidig ein ny nasjonal kabelpolitikk.

Som ein reaksjon på BT sitt oppslag om kraftsaka i Hardanger før helga, har kommunalråd Ruth Grung, Ap, meldt ein interpellasjon om saka til neste møte i Bergen bystyre. Grung vil vita kva ordføraren og byrådet vil gjera for å sikra at Hardanger held fram som naturoppleving. - Og vil ordføraren og byråd ta initiativ til å støtta arbeidet med kabling av den planlagde kraftlina, spør Ruth Grung?

Vanskeleg valkamp

I Hardanger er dei sjølvsagt glade for all støtte i kampen mot luftspenn gjennom fjella. For kampen kan verta hard. Ordføraren i Kvam, Astrid Selsvold, Ap, meiner likevel ho vart trekt for langt då ho i BT før helga vart sitert på at nei til luftspenn var viktigare enn raudgrøn siger ved stortingsvalet neste år.

— Men det vert tungt å få gjennomslag i den komande valkampen dersom vi møter motbør frå regjeringa i ei sak som er så viktig for regionen, seier Astrid Selsvold.

Forslag om ny politikk

I opposisjonen er det og sterk skepsis til luftspenn gjennom fjellheimen på nordsida av Hardangerfjorden. Høgre viser til sitt forslag i Stortinget frå oktober 2007 der dei bad regjeringa om forslag til strategi for korleis kabel kunne erstatta luftspenn i særleg utsette landskap.

— Forslaget fekk brei tilslutnad, også frå regjeringspartia, men sidan har ingen høyrt noko, opplyser Lars Andreas Lunde, som er politisk rådgjevar for Høgre si stortingsgruppe.

Framstegspartiet sin talsmann i energisaker, Ketil Solvik-Olsen, seier til BT at partiet ikkje har tatt noko standpunkt til saka om kraftlina Sima-Samnanger.

— Derimot har vi fleire gonger foreslått at Stortinget bør behandla regelverket for kraftliner på nytt, seier Solvik-Olsen. Han meiner det trengst nye reglar for når høgspentliner bør leggjast i kabel.

— Dette burde vore gjort før NVE sitt vedtak i saka om Sima-Samnanger, men i fjor stemte dei raudgrøne på Stortinget mot vårt forslag om dette. Det er rein populisme når dei raudgrøne no kjem og vil ha kabling etter at NVE har sagt ja til luftspenn, seier Ketil Solvik-Olsen.

Kva synest du om kraftprosjektet Sima-Samnanger? Sei di meining i feltet under!

BØR VEGA TUNGT: - Når lokalsamfunn engasjerer seg så sterkt som i Hardanger, bør det vega svært tungt både for SV og for regjeringa, seier Audun Lysbakken.
HÅVARD BJELLAND