Gruppa får prisen for sitt arbeid med å setje fokus på rasproblematikken, og har med engasjement og styrke fått sett eit konkret problem på dagsorden.

Juryen har merka seg at at aksjonsgruppa med sitt engasjement og pågangsmot har gjort eit kjempearbeid for å setje fokus på rassikring som problem, heiter det i ei pressemelding frå Åshild Kjelsnes, leiar i trafikktryggleiksutvalet i Sogn og Fjordane.

Prisen består av eit diplom og 25.000 kroner, og skal utdelast av fylkesordføraren under opninga av fylkestinget i Loen denne veka. Ifølgje Nasjonal Transportplan er Sogn og Fjordane det fylket i landet som har flest rasfarlege vegstrekningar.