Politiet beslagla ein uregistrert snøskuter i aksjonen torsdag ettermiddag.

Aksjonen skjedde i fjella mellom Sogndalsdalen og Øvstedalen, fortel operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

— Aksjonen varte frå 16.30-tida til 20-tida, seier han.

Tre eller fire personar vil bli meld for ulovleg snøskuterkøyring, i tillegg til at ein snøskuter vart beslaglagt fordi han var uregistrert.