Les også:

Hansa fikk bank |

Julebrus-eksplosjon

— Julebrusen frå Lerum er den aller beste på smak, det er ein lang tradisjon og det vert ikkje skikkeleg julemiddag utan Lerum julebrus, seier Lene Fløysand.

Lerum snur

Måndag starta ho eit opprop på internett for å få Lerum til å produsere julebrusen igjen. Etter eit døgn har nærare 650 menneske signert oppropet. I tillegg har Lene og fleire aksjonsmedlemmer vore innom fleire butikkar for å spørje om dei kunne tenkje seg å ta inn att julebrusen.

Direktør i Lerum, Jan Petter Vadheim, er heilt overvelda over responsen.

— Det går ikkje an å ta bort julestemninga på denne måten, så no gjer vi alt vi kan for å få julebrusen tilbake, seier Vadheim.

Får svar onsdag

Sidan det vart kjent i haust at den tradisjonsrike julebrusen ikkje kjem i hyllene i år, har han fått mange reaksjonar. Dette er ei av tekstmeldingane som har tikka inn til Lerum:

Vi er ein gjeng gravide damer som har fått ein grufull/fælsleg beskjed frå Rema 1000 om at det ikkje kjem julebrus frå Lerum i år. Vær så snill å sei at dette er feil og at de sjølvsagt kjem med den beste julebrusen i år også. Mange fortvila hormonelle damer ventar på svar .”

Direktøren i Lerum fann fort ut at han ikkje ville leggje seg ut med gravide damer eller resten av julebrus-elskarane.

— Etter dei massive tilbakemeldingane vi har fått er det no tre ting vi jobbar med: å finne kjeder som vil ta den inn og å få på plass råvarer og etikettar, seier Vadheim.

- Kan ikkje skuffe så mange

Han håper å kunne gi endeleg svar i morgon og at julebrusen då får nokre veker i butikkhyllene før jul.

— Vi kan ikkje skuffe så mange, så vi må gjere det vi kan, seier Vadheim.

For Lene Fløysand er dette som julemusikk i øyra.

— Dette er supert! Det var det som var målet. Det er ganske prisverdig at dei tek forbrukarane sine så alvorleg. Om dei får til dette, skal Vadheim få julekort av meg resten av livet, seier Lene.

- Smaker jul

Ho hadde ikkje drøymt om at så mange ville engasjere seg for julebrusen, men er ikkje overraska.

— Julebrusen frå Lerum smaker jul. Det er ingenting som kan erstatte den. Eg betaler glatt meir for ein julebrus frå Lerum, enn for ein Cola. Og det gjer du og, Kjetil, seier Lene.

— Ja, seier Kjetil.

FEIL BRUS: - Det er berre Lerum sin julebrus som smakar jul, seier Lene Fløysand og Kjetil Vevle. Dei har starta opprop på internett og går fra butikk til butikk for å få Lerum i hyllene igjen.
Paul S. Amundsen