Sjølv om Arbeidarpartiet og Senterpartiet røysta for kvar sitt framlegg, meiner begge at «den samfunnsmessige nytten av tiltaket vil vere større enn ulempene, og rår difor til at det vert gitt konsesjon for 420 kV-lina mellom Ørskog og Fardal med tilhøyrande transformatorstasjonar».

Sprik

NVE fekk ikkje eit eintydig råd av Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane som i går drøfta høyringsnotatet om den svære kraftlina dei vil byggja frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre. På nesten alle punkt delte det nimannsterke utvalet seg i tre.

Dei tre i Arbeidarpartiet bad om at kabling vert vurdert for kortare strekningar der ein kjem nær busetnad. Partiet har færrast endringar til fylkesrådmannen si innstilling om å akseptera luftspenn.

Dei tre i Senterpartiet ber om konsekvensutgreiing av sjøkabel med tilknytingspunkt i Aurland, på Lutelandet og ved Åskora. Partiet er ikkje viss på at Fardal er rette startpunktet. Dei har også ein del merknader til linjeføringa «dersom det likevel vert valt luftline på delar av strekninga Fardal — Ørskog».

Dei tre i Høgre, KrF og Venstre (ein frå kvart parti) går lengst i å krevja kabling utgreidd. Også her vert Aurland nemnt som utgangspunkt, grunna verdsstatusen for Nærøyfjorden, og fleire tilknytingspunkt til eksisterande nett, som bør oppgraderast.

Treng line

Einaste punktet som fekk fleirtal i røystinga, var Senterpartiet si formulering om behovet for lina. Den fekk Ap si subsidiære støtte, og vart vedteken med seks av ni røyster.

Fleirtalet uttalar at sentralnettet gjennom fylket må styrkast for å få til sikker forsyning til alle forbrukarar, også i tørårsituasjonar, og for å kunne transportera ut ein stadig aukande småkraftproduksjon. Utan ny line med viktige tilknytingspunkt i Sogn og Fjordane, vil det bli store problem med å transportera ny fornybar kraft frå vasskraft- og vindkraftverk og å sikra nye industriprosjekt nok kraft.

Mindretalet nemner ikkje vindkraft, men legg vekt på tryggare kraftforsyning og nok kraft til nærings- og industriutvikling, særleg i kystnære strok og oljeinstallasjonar som kan elektrifiserast.