På vegne av Arbeidarpartiet sende Akselsen i går eit brev til Hydros konsernsjef, Eivind Reiten. Her ber han Hydro konkretisere kva som er så dårleg.

— Konsekvensane av at Hydro ikkje vil modernisere aluminiumverka i Årdal og Høyanger vil vere så store både for lokalsamfunna og nasjonen, at vi må komme i dialog med selskapet. Dersom ikkje Hydro finn det interessant å satse i Norge, kven vil då gjere det? Eg fryktar dette er eit signal som kan påverke andre, seier Akselsen.

Til Bergens Tidende seier stortingspolitikaren at både regjeringa og Hydro har vore underleg passive.

— Regjeringa har aldri klart å få til ein dialog med Hydro. Dette er ei så stor og alvorleg sak at det ville vore naturleg at statsministeren engasjerte seg. På same tid har Hydro gjort svært lite for å godtgjere at rammevilkåra er for dårlege. Vi opplever ofte at næringslivet aktivt lobbyerer for å få gjennom prosjekt. Men Hydro har aldri konkretisert kva dei vil ha endra. Då blir det vanskeleg for oss politikarar.

— Ber du no om eit møte med Hydro-leiinga?

— Eg håpar det skal munne ut i det.

Langt over 1000 arbeidsplassar i Høyanger og Årdal kan forsvinne, dersom dei gamle og forurensande Søderberghallane blir lagt ned og ikkje erstatta av nye omnar med moderne teknologi.