Den 42-årige Ap-politikaren som i slutten av mai forklarte Bergens Tidende kvifor han neste år gir seg etter 20 år på Stortinget, er på den 15 personar store lista over søkjarar til stillinga som sjøfartsdirektør etter Rune Teisrud.

Får Akselsen jobben, må han innstilla seg på dagpendling frå Stord til Haugesund i staden for vekependling til Oslo.

Akselsen får ein habil konkurrent i Sigurd Gude, som har vore Sjøfartsdirektoratets sterke mann under Teisrud.

Blant søkjarane er også Per Sigurd Våge, direktøren for Kriminalomsorg i region Vest, Magne Rødland, distriktssjef i Bergen for Sjøfartsdirektoratet, og Frode Klepsvik, som har vore direktør for Sjøkartverket.

Havari på Sletta

Geografiutdanna Olav Akselsen, med praksis som snikkar og vassforskar, har lenge vore ein ihuga båtmann.

Medan han var olje— og energiminister opplevde han også eit havari på Sletta då han var på veg heim frå Sildajazzen i Haugesund i august 2001. Det var hans 48 fots kutter «Quinden» frå 1937 som fekk øydelagt masta og tok inn vatn i det dårlege vêret, men Akselsen fekk berga både båt og mannskap.

Båten budd han i medan han studerte i Bergen. Akselsen har også disponert ein 40 fots motorsiglar og fire mindre båtar. Olav Akselsen, som leiar utanrikskomiteen på Stortinget, bur på Leirvik med kone og tre born.

Dei 15 søkjarane

Her er søkjarlista til stillinga som ny sjøfartsdirektør då fristen gjekk ut 25. mai:

– Svein Jarle Jacobsen, 5151 Straumsgrend

– Leif Skorge, 3209 Sandefjord

– Sigurd Gude, 1359 Eiksmarka

– Magne Rødland, 5304 Hetlevik

– Donald W. Osthoff, 0267 Oslo

– Roy Franche, 3940 Porsgrunn

– Knut Kristiansen, 3480 Filtvet

– Olav Akselsen, 5417 Stord

– Terje Sagebakken, 5545 Vormedal

– Per Sigurd Våge, 5179 Godvik

– Tor Charles Lund, 4887 Grimstad

– Per Wilhelm Nieuwejaar, 5172 Loddefjord

– Frode Klepsvik, 4070 Randaberg

– Arild Viddal, 5528 Haugesund

I tillegg er det ein søkjar som ikkje ønskjer namnet offentleggjort.

Nærings- og handelsdepartementet gjennomfører no ein ordinær tilsetjingsprosess. Saka vil bli fremja i statsråd når den er klar. Tidspunktet er ikkje fastsett, opplyser Sjøfartsdirektoratet.