Ny ordførar i Kvinnherad vert mest sannsynleg Knut Prestnes frå Sp som for tida ferierer på Kypros.

— Eg brukte ti minutt på å samla meg i morgontimane i dag, seier Aksel Kloster i ein kommentar til bt.no.

Han har vore ordførar dei siste åtte åra og varaordførar i to periodar før det.

— Eg kan ikkje akkurat klaga over at Arbeiderpartiet ikkje har hatt innverknad på Kvinnherads-politikken dei siste åra.

— Kva skal du gjera no?

— Eg veit ikkje. Ein halvgamal mann på 55 år har ikkje store sjansar på arbeidsmarknaden, seier Kloster heilt alvorleg.

Tilbake til jobben som dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, har han ikkje tenkt seg.

— Eg har ikkje samvit til å skyva ut ei av dei tre kvinnene som arbeidar der i dag.

Han understrekar at han ikkje er ein slegen mann. Ved valet fekk han 500 personlege røyster, 90 færre enn Prestnes som er ein nær ven og nabo.

Kloster gjekk i sommar offentleg ut og bad om tilgjeving etter at han var ruspåverka under Kystkulturdagane på Sunde i sommar.

— Eg gjekk nok ikkje ustraffa frå morgontimane på Sunde og Rundhovde-saka, kommenterer Kloster.

Kloster vil framleis sitja i formannskapet.

ABDISERER FRÅ TRONA. Aksel Kloster og Ap vert skvisa ut av kvinnheradspolitkken. Onsdag opna han varmebassenget på Husnes sjukeheim.
GINA AAKRE, GRENDA