Operatøren Eni Norge har i dag offentleggjort den beskjeden tillitsvalte i Aker Solutions frykta mest. Dei reknar med at det meste av Goliat-jobben vil bli utført i Sør-Korea.

Ifølgje Eni og feltpartner StatoilHydro har Sevan Marine det beste konseptet for ein flytande produksjon-, lagring— og losseplattform for oljefeltet Goliat utanfor Hammerfest.

Sevan-konseptet skal vidareutviklast i løpet av 2009.

Goliat-utbygginga er ei av dei største på norsk sokkel dei nærmaste åra. Utbygginga er kostnadsrekna til rundt 27 milliardar kroner.

Sevan Marine har ført det norske folk bak lyset, uttalte topptillitsvalte i Aker i januar. Dei meiner det er Samsung-verftet i Sør-Korea som blir hovudleverandør, med Sevan Marine som underleverandør.

Sevan Marine held til i Arendal. Men har ikkje eige verft. Plattformene blir bygte ved andre verft, i dette tilfellet kjempeverftet Samsung.

Sevan Marine og Aker Solutions var til sist dei einaste to utvalte selskapa som konkurrerte om Goliat-flytaren, som skal drivast med elektrisitet frå land.

Sevan Marine