— Eg leiger berre lokale her. Dei høver godt til føremålet, iler Rune Midttun til med å presisera.

Han er innehavar av Maltbua, ein butikk som forhandlar alt til heimebrygging, både i ein fysisk butikk i Haugsvik på Vossestrand, og på verdsomspennande internett.

— Dette er ikkje eit kurs i tradisjonell framstilling av Vossabrygg, men heimebrygging av vanleg øl, med ulike smaksvariantar, lyder den neste presiseringa.

Fire kursdeltakar understrekar dette poenget ved å løfta kvar sitt glas med vørter. Innhaldet har ulike fargetonar.

Ikkje mindre enn tre kursdeltakarar er tyske, ein av dei deltek saman med si norske krone.

Halvparten av deltakarane er kvinner.