Frå 1. oktober skal helikopterselskapet med base i Sunnfjord ha eitt Super Pumahelikopter og mannskap stasjonert på Island. Avtalen gjeld for eitt år, og Airlift skal drive leite— og redningsoperasjonar for islendingane. Airlift skal i tillegg hjelpe til med å utdanne islandske pilotar.

I følgje ei pressemelding frå selskapet er kontraktsverdien 25 millionar kroner. I avtalen ligg det også at oppdraget kan bli forlenga med seks månader.