— Eg har vore skit uheldig, seier sirkusdirektøren om det som har skjedd.

I år har Agora Cirkus feira sitt 20-årsjubileum, og markerte det blant anna med ein turne på Island. Det skulle dei ikkje ha gjort.

Lita tue og stort sirkus

Tre veker er gått sidan Smørdal avslutta sin 20. sesong med Agora. Vekene etter Island-turen har vore smertefulle for 44-åringen. Men torsdag ettermiddag skar han gjennom, og kontakta skifteretten for å melde livsverket sitt konkurs.

— Dersom vi ikkje hadde kome opp i dette uføret på Island, så ville vi klart oss heilt suverent, seier den 44-årige sirkusdirektøren til Bergens Tidende.

— Dette var totalt umogeleg for oss å føresjå. Island vart den vesle tua som velta det store lasset.

Det var i august og september at Agora turnerte sagaøya. Da Smørdal og troppane hans var vel heime i Norge og venta på oppgjeret, slo finanskrisa inn med full tyngd. Dermed vart oppgjeret for framsyningane tilsvarande like lite verd som den skamferte islandske krona.

— Eg har hatt ei fæl tid etter at dette skjedde. Men no har eg sett realitetane i augene, og søv atter godt om natta, seier Smørdal.

Mange kreditorar

Advokat Per Kjetil Stautland er oppnemnd som bustyrar for Agora Cirkus AS. Han starta fredag arbeidet med å skaffe seg oversikt over buet.

— Det er tidleg i prosessen, men selskapet ser ut til å ha ei gjeld på omkring 4,6 millionar kroner. På den andre sida står det aktiva for rundt ein halv million, i bilar, telt og diverse utstyr, opplyser Stautland.

— I tillegg til tapet etter Island-turneen, så har også dei auka drivstoffprisane tynga selskapet det siste året.

Ifølgje Stautland er det eit stort tal kreditorar, med Sparebanken Vest som den største av dei.

— Sparebanken Vest har vore sirkuset sitt banksamband, og har pant i selskapet sine aktiva, seier advokaten.

Stautland stadfestar at Island-krisa var den direkte årsaka til konkursen.

— Betalinga vart berre brøkdelar av det den normalt ville vore. I tillegg fekk ein sentral samarbeidspartnar på Island store økonomiske problem, og gjorde ikkje opp for seg, seier han.

Vil tilbake i manesjen

I mellomtida er Jan Kjetil Smørdal tilbake der eventyret starta for over 30 år sidan, i heimbygda Eid.

Der han som 12-åring balanserte på line ute på gardstunet, før han fire år seinare reiste ut og tok seg jobb på Cirkus Merano. Først som teltarbeidar, sidan som balanseartist.

I 1988 tok han steget og starta sitt eige sirkus.

— Det har vore fantastiske år. Mange gode, nokre harde, seier han.

— Men den siste månaden på turne no i haust har vore mi aller tyngste tid. Å sjå at det ikkje kunne gå i hop var forferdeleg, og noko eg ikkje vil unne min verste fiende.

Smørdal kjørte turnelista i haust som planlagt, og hadde si aller siste framsyning i Tønsberg søndag 19. oktober.

— Det var ikkje slik eg drøymde at det skulle bli. Men eg har ikkje tenkt å gje opp. Det er no eg skal vise kva eg er god for, seier han.

— Kjem du tilbake som sirkusmann?

— Ja. Eg skal tilbake i manesjen, anten det blir på den eine eller andre måten. Eg har trass alt dansa på slakk line tidlegare, seier den 44-årige sirkusdirektøren.

Har du gode minner fra Cirkus Agora? Bruk kommentarfeltet.