Då betjeninga oppdaga tjuveriet og forsøkte å ta ølet tilbake vart tjuvane aggressive. Lensmannsbetjent Anne Kristin Telle fortel at ungdommane opptrådde trugande og truga med å knusa flasker.

Ein person blei tatt i forvaring av politiet og vil bli anmeldt for vold mot offentleg tenestemann. Ungdommane var del av ei gruppe frå Bergen som var på helgetur på ei hytte. Dei vart etter hendinga bede om å forlata hytta å reisa heim. Politiet fekk melding om hendinga 13.45 laurdag.