Dei har hatt ansvaret for mange og lange tunnelar før, vegvesenet i Sogn og Fjordane. Det spørst likevel ikkje om oppdraget dei no er engasjerte i er det mest eksotiske hittil. Saman med kollegaer frå Rogaland har dei ansvaret for å rehabilitere den 2,7 kilometer lange Salang-tunnelen.

Høgt over havet

Det imponerande veganlegget gjennom fjellområdet Hindukash i Nord-Afghanistan, blei bygt av russarane i åra rundt 1960. Tunnelen ligg 3.400 meter over havet, og er med det verdas nest høgast-liggande. Salang er ei sentral livsnerve i eit område prega av iskalde vintrar og ei snødjupn som ofte er både fire og fem meter. Den alternative reiseruta er 30 mil lengre, og går gjennom eit fjellpass.

Det var i 1998 det skjedde. I fjella ved Salangtunnelen gjekk frontlinja mellom Taliban og Nordalliansen. Mulla-styret i hovudstaden var på offensiven. Geriljaleiar Ahmed Shah Masood i Nordalliansen ville stoppe framrykkinga. Lastebilar fulle med dynamitt blei køyrde inn i kvar ende. Så fyrte dei av.

— Dei hadde lagt inn rikeleg med sprengstoff i lastebilane. Skadene blei formidable, konstaterer ein nøktern Gunnar Lotsberg, senioringeniør ved regionkontoret for Vestlandet i Leikanger.

Det meste blei øydelagt. Lys, ventilasjon, elektriske anlegg, rasoverbygg og dreneringssystem.

Heilårsveg

No vil regjeringa i Kabul ha ordna tunnelen, og sikre heilårssambandet mellom dei to landsdelane. Verdensbanken har tatt på seg å betale dei kring 40 millionar kronene det vil koste. Norge fekk oppdraget med planlegging og byggjeleiing. Då var ikkje vegen lang til erfarne tunnelfolk i Sogn og Fjordane og Rogaland.

Sidan i fjor har Lotsberg, saman med kollegaene lenger sør på Vestlandet, hatt ansvaret gjenopninga.

— Vår oppgåve er å få tunnelen opp på ein minstestandard. Planen er at vi skal vere ferdige til neste vinter.

Eit tyrkisk firma vann anbodet på byggjearbeidet. Dei har i sin tur engasjert eit selskap frå Uzbekistan som underleverandør. Men arbeidet blir gjennomført med lokal arbeidskraft.

Ikkje vedlikehald

Sjølv var Lotsberg i fjor vår 14 dagar i området, som ligg 100 kilometer nord for Kabul. Normalt vil det vere ein god times køyretur. Men vegvedlikehald har vore fråverande i det krigsherja landet dei siste 20 åra. Bruer er sprengde eller øydelagde på anna vis. Vegane går difor ned i elvane. Det tek fire timar å ta seg frå Kabul til Salang-tunnelen.

— I fjor vår var det så uroleg at FN ikkje ville at vi skulle bu i området nær tunnelen. Vi heldt difor til ein times køyring lenger sør. Der rekna FN det som trygt, fortel ingeniøren frå Leikanger.

Lotsberg har i hovudsak arbeidd med prosjekteringa av dei tekniske anlegga. Vegkontoret i Rogaland og selskapet Norconsult har hatt betongarbeid og byggjeleiing.

Omkom inne i tunnelen

Men alt før gjenoppbygginga tok til, opna tunnelen. Då hadde tonnevis av betongrestar blitt tatt vekk frå tunnelopningane og tusenvis av miner fjerna langs og i vegen. Men inne i tunnelen var det stupmørkt, og eksosen blei ikkje lufta ut.

— I så stor høgde blir lufta veldig tynn. Og der det er lite luft, blir eksos desto farlegare. Konsentrasjonar vi knapt ville merka i låglandet, er i denne høgda livsfarlege, forklarar Lotsberg.

Berre ein månad etter opninga gjekk det då også gale. I februar i fjor blei Salang-tunnelen ei dødsfelle. Opningane snøa att. 250 køyretøy blei sperra inne. Minst fem av dei kring 500 menneska omkom av eksosforgifting eller ved at dei fraus i hel.

Stopp i arbeidet

No i vintermånadene er det stopp i arbeidet. I over 3000 meters høgde kan vêrforholda vere ekstreme med store snømengder og temperaturar kring 20 minusgrader. Først når snøen tinar kjem dei afghanske arbeidarane tilbake til dei russiskbygde brakkene i kvar ende av tunnelen.

Då dreg også Gunnar Lotsberg tilbake til Afghanistan.

— Det blir spennande å komme ned att. Då eg var der i fjor låg eit ti centimeter tjukt islag gjennom heile tunnelen. Forholda var rett og slett horrible, fortel Lotsberg.

OVERBYGG: Dårleg standard og store snømengder skapar ofte kaotiske tilstandar.