— Det er bittert, seier Rolf Mårstig (33) frå Lindås. Han er ein av ti kursdeltakarar som ikkje får fullført undervisninga. Den arbeidsledige 33-åringen treng sveisesertifikat for at han skal få jobben attende hos IIT Industriar på Mongstad.

No var han halvvegs i påbyggingsmodulen som han rekna med å fullføra til hausten.

— Det er veldig mykje bortkasta tid og pengar, seier 33-åringen som har hatt utgifter til husleige på Stord og pendling heim til Lindås.

- Overraskande

Det er ikkje første gang dette skjer. I april fekk 26 deltakarar på sveisekurset brått melding om at det pågåande kurset ville bli avslutta to månader før planen.

Etter press frå Arbeids- og sosialdepartementet blei kurset starta opp att, og mange av elevane fekk fullføra før sommarferien. Til hausten er det derimot full stopp.

— Overraskinga var stor då me fekk vita dette. Me visste at det ville bli færre kursplassar til hausten, men no blir det ingen, fortviler Lars Inge Isdahl, rektor ved Stord yrkesskule og tekniske fagskule og ansvarleg for opplæringssenteret.

Aetat har vore den største leverandøren av kursdeltakarar til det fylkeskommunale opplæringssenteret i over 20 år.

— Dette er tragisk for dei elevane som er midt i ei kursrekkje og for dei som ønskjer å byrje på kurs etter ferien, seier Jan Sivertsen som jobbar som lærar ved senteret.

- Kan ikkje gje garantiar

— Ingen kursarrangør kan basera seg herfrå og til evig tid på Aetat, seier Ole Sæle, fungerande fylkesarbeidssjef i Aetat Hordaland. Han opplyser at etaten brukte meir pengar enn planlagt på tiltak i vår. Difor vil det bli mindre kursaktivitet til hausten.

— I Sunnhordlandsregionen er det fleire permitterte i industrien. Spørsmålet er då om det bør utdannast fleire sveisarar. Det er vurderingar vi må ta fortløpande.

— Kva med dei som ikkje fekk fullført kurset?

— Vi kan ikkje gje nokon garantiar. Alle våre tiltak er rammestyrte. Vi har heller ikkje gitt nokre løfte om at alle skulle få fortsetja.

Ved Aetat Stord får Bergens Tidende opplyst at dei arbeidar med å få på plass sveisekurs ein anna stad i landet for dei som ikkje fekk fullføra på Stord.