— Eg har så langt ikkje sett eitt einaste utanlandsk dokument i saka, ei heller andre konkrete referansar som går på utanlandske forhold, seier Jordal.

Forutan dei omtalte forholda er 54-åringen også tiltalt for å ha forfalska eks-kona si underskrift i ein faks til Telenor, der han skal ha prøvd å skaffe seg detaljert oversyn over mobilbruken hennar.

I tillegg er han tiltalt for å ha forfalska underskrifta hennar på eit omregistreringspapir for ein bil.