Faren låg og sov då sonen stod og sikta på han.

— Eg har alltid hata han. Eg hatar han meir og meir for kvar dag som går. Eg kjem alltid til å hate han, sa sonen i Bergen Tingrett i går. Han er i dag 18 år, og er tiltala for å ha banka opp faren i mars 2002.

Faren vart i fjor dømt i tingretten for å ha vanskjøtta og mishandla sonen frå han var sju år gammal. Retten fann det bevist at advokaten både hadde slått sonen og skubba han ned ei trapp. Advokaten hadde også tvinga sonen til å plukke opp eit iskrem-papir frå doskåla etter først å ha pissa på det, og gjentekne gonger halde sonen vaken etter å ha kome berusa heim frå byen. «Tiltalte har, slik retten finner det bevist, sviktet grovt som far og omsorgsperson», skreiv tingretten, som dømde han til 90 dagars fengsel på vilkår.

Dommen er anka både av påtalemakta og av den dømde advokaten, og kjem opp i lagmannsretten til sommaren.

- Ein dag skulle eg ta han

Den valdstiltalte 18-åringen forklarte i retten i går inngåande om ein oppvekst som fortona seg som eit sant mareritt. Den mangeårige plaginga var også bakgrunnen for at han ville skyte far sin som 14-åring.

— Eg hadde skaffa meg pistol, og gjekk ein morgon inn til han på soverommet. Far låg og sov. Eg stod og sikta på han. Men så byrja mor å rope på meg, eg skulle på skulen og var seint ute. Eg vart redd, og trekte meg. Eg gjorde ikkje det eg skulle gjere, forklarte sonen.

To år seinare skjedde det som førte han på tiltalebenken i går. Han var 16 år, og hadde fått alvorlege rusproblem. Ein krangel heime enda med at sonen slo til faren fleire gonger. Eit spark mot ansiktet var så hardt at eit bein knakk i augehola.

— Eg har alltid sagt at eg ein dag skulle ta han, berre eg vart stor nok til å greie det. Eg ville gje igjen for alt det han har gjort mot meg gjennom oppveksten, sa 18-åringen.

— Kom valdsbruken ut av kontroll for deg? spurde forsvarar Carl Hartwig.

— Det var meininga. Eg slo han også i ryggen; tanken var å lamme han, slik at eg kunne knekke armen hans. Men eg kom aldri så langt, sa advokatsonen.

Ville verne familien

Det siste skulle vere ein hemn fordi faren hadde knekt fingeren på mora tidlegare. Advokaten var tiltala for dette i tingretten, men vart trudd på at han knekte fingeren ved eit uhell.

— Far har øydelagt livet mitt, sa 18-åringen, som hevda at han med valdsbruken også ville prøve å verne mora og veslebroren, som er ni år gammal.

— Eg ville ikkje at det same skulle skje med han som med meg, sa 18-åringen.

Mora og kjærasten var vitne til slagsmålet mellom far og son.

— Han var ikkje rusa på nokon måte. Men han har eit voldsomt hat mot faren. Og det forstår eg veldig godt, faren har vore stygg mot han heile livet, sa mora.