Advokat Anders Folkman protesterte til sorenskrivaren på at nokre få advokatar i Sogn og Fjordane vert tildelt alle dei lukrative bustyrar-oppdraga i Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn.

Folkman meiner at dei utvalde bustyra-rane får desse godt betalte jobbane opp i fanget når ei bedrift går konkurs, mens hans eige kontor og andre som står utanfor, må ut i marknaden og kjempe om andre oppdrag.

Ein av advokatane som er «inne i varmen», Andreas Rønnekleiv, tok inn 540.000 kroner i inntekt på ni ulike konkursbu dei siste to åra, i følgje lokalavisa Firda. Rønnekleiv opplyser at han tek 1050 kroner per time for jobben.

Folkman fekk i følgje Firda ikkje medhald i protesten.