I ei travel førjulstid kan det vera fint å setta seg ned, finna roa og laga noko vakkert med sine eigne hender.

Blomsterdekoratør Stina Sognnæs ved Botanica Blomster viser deg korleis du kan laga dine eigne dekorasjonar. – Det er ikkje vanskeleg, men det kan vera greitt å få nokre nyttige tips til korleis ein kan gå fram, seier Sognnæss.

Adventskrans

— Det kan vera fint å bruka naturlege materialar og det ein finn i naturen. I denne kransen vil eg gå litt bort frå det tradisjonelle utrykket med sløyfer og slikt, fortel Sognnæs.

Se video i toppen av artikkelen for en detaljert gjennomgang. Slik gjer du:

1. Begynn med ein krans av våt oasis og finn fram det du vil bruke i kransen. Kransen vil tørke ut etter ei stund, men mange snittblomster blir veldig fine når dei tørkar. Spør gjerne om tips i blomsterbutikken din.

2. Sett i det grøne rundt heile kransen, på innsida. Dette blir basisen for kransen. Her er det brukt grønt frå furu, blåbærlyng og tuja.

3. Stikk ein stiv streng i undersida av lysa, slik at dei kan festast i oasisen. Sett lysa i der du vil ha dei.

4. Legg kvistar rundt kransen. Resten av pynten vil halde kvistane på plass.

5. Vidare sett du i blomane du vil bruka. Her er det brukt hortensia, nellik, lemonium og siergras (strå). Alle desse blomane er fine også når dei tørkar i kransen. Dersom du ønskjer kan du byta nokre av dei ut etter ei stund.

6. Prikken over ièn er noko som glitrar. Ta ein liten bit mose og lag ei grøn kule i handa. Surr rundt med dekortråd. Lag fleire mosekuler og sett ein stiv stålstreng i, slik at du får festa dei i kransen.

7. Fiks ferdig, kransen er klar.

Mosedyr

Dette kan bli eit koseleg dyr som kan stå på trappa og ønska gjester velkommen. Dette kan du gjerne gjera saman med barn, men det blir litt rot mens ein held på, så jobb på ein godt eigna plass.

1. Begynn med ein liten haug med høy som du samlar saman og surrar streng rundt. Dette blir hovuddelen av kroppen.

Lag ein ny mindre ball som blir hovud og to mindre buntar som blir armane. Surr godt med streng rundt heile vegen, slik at dyret blir fast i forma.

2. Legg mose utenpå dyret. Begynn med undersida og fortsett med resten av kroppen.

3. Når du har dekka heile kroppen klipper du av mose som stikk ut, slik at forma på dyret kjem tydeleg fram.

Dette treng du:

  • Tørka gras/høy. Dersom du ikkje har det for handa kan du undersøkje hos Felleskjøpet, ein bonde eller dyrebutikk.
  • Mose
  • Surrestreng. Kan kjøpast i blomsterbutikkar, hobbybutikkar eller liknande Har du tips til jule— og adventspynt? Del dem her.
DEKORASJON: Fargar og lys pyntar opp i adventstida. ALLE FOTO: Bjørn Erik Larsen.