— Vi fryktar at uhell skal skje, seier Inge Hjertaker i Jernbaneverket.

Toget kjem i stor fart og kan ikkje høyrast før det er like ved, advarer han.

— Vi har hatt dødsulykker tidlegare og vil minne folk om faren.

Har gått bra lenge

På strekninga aust for Finse kan farten koma opp i 45 meter pr. sekund. Eit vanleg tog treng ein kilometer å bremsa på.

Jernbaneverket har hatt informasjonskampanjer dei siste åra i samband med vinter- og påskeferien, for å minna om kor farleg det er å gå i sporet.

Det er særleg på strekninga frå Geilo til Haugastøl folk ikkje er flinke til å passa seg. På Finse er det ofte folk som går i stasjonsområdet.

I siste sekund

Det er nokre år sidan ulukker har skjedd. I 2002 var det nære på for ein gut som var på tur med familien.

Mannskapet på eit arbeidstog såg guten liggja i sporet utan å koma seg opp. Far og mor såg avmektig på frå kvar si side av sporet

Toget sette alle bremsane på, men for likevel forbi der guten låg.

Han klarte å krabba av sporet i siste sekund.

Les om hendinga. Dette stod i BT i mars 2002

- Har kappa av ski

Jernbaneverket advarer også mot å bruke ruteheftet for å finne ut om det er trygt å gå i sporet.

— Tog kan vera ute av ruta, dessutan fins det både arbeidstog og godstog. For ikkje å snakke om snøryddinga, seier han.

Det har vore fleire nestenulykker opp gjennom åra.

— Vi har hatt hendingar der tog har kappa av ski. Ei gong var også ein pulk påkøyrd, men det var heldigvis berre mat oppi den gongen.

VIDARE TIL FOTS. Skia er trygt plassert, men spora tyder på at folket ikkje er like trygge. (FOTO: Jernbaneverket)
SNU DEG! Mannen har ikkje merka at toget er på veg. (FOTO: Jernbaneverket)