Ifølgje ei børsmelding har Adresseavisen lagt inn eit bod på 700 millionar kroner. I tillegg til Sunnmørsposten inkluderer bodet også Romsdals Budstikke i Molde og Edda Medias trykkjeri i Ålesund.

Sunnmørsposten i Ålesund er den klart største avisa i Møre og Romsdal. I tillegg eig avisa ei rekkje lokalaviser. I Nordfjord har dei hand om Fjordenes Tidene i Måløy og Fjordingen i Stryn. Sistnemnde sit i sin tur med ein stor aksjepost i Fjordabladet.

På Sunnmøre eig Sunnmørsposten Vikebladet, Sunnmøringen og Møre-Nytt i Ørsta. Romsdals Budstikke eig avisene Driva og Åndalsnes avis i Møre og Romsdal.

Det har lenge gått rykte om eit kommande sal av aviskonsernet Edda Media, den norske delen av Mecomkonsernet.