Ein tidleg maidag i 1946 stoppa austgåande nattog på Bolstadøyri stasjon – og store og små i bygda var frammøtte på perrongen for å sjå på, for elles stoppa nattoget aldri på ferda austover. Kong Haakon med kongevogna si var med i toget denne kvelden, men det var ikkje for han folk var frammøtte. Det steig av toget ein duknakka, tweed-kledd gamal herre. Det var han dei ville sjå. Det var Cyril Mowbray Wells som kom til Bolstad for første gong på sju år. Den engelske laksefiskaren var komen heim, krigen var for alvor slutt!

Wells var ikkje den einaste som kom. Med han i toget var også major Alston og bryggerieigar Cherrington – Cherrington var veteranen mellom dei, han hadde vore fast sommargjest på Bolstad sidan århundreskiftet, og i 1911 fekk han ein laks som var så stor at han like godt fekk teikna inn omrisset av fisken på dørhella i huset der han budde: 28 kilo var rusken!

Den knapt 4 kilometer lange elva frå Bolstadfjorden opp til Evangervatnet var mellom dei tidlegaste som engelske laksefiskarar oppdaga på Vestlandet då turistfaren over Nordsjøen tok til omkring midten av det 19. århundret. I lengde og i fiskmengd kunne ikkje Bolstadelva – Vosso lenger oppe i dalføret – måla seg med Lærdalselva og dei andre vassdraga som vann verdsry. Eit par hundre laksar om året rekna dei som ein god sesong.

Men denne elva hadde noko som dei andre ikkje kunne visa til: Den kjempestore laksen. Rekordane kom, og offisielt enda dei på rundt 32 kilo, meir uoffisielt heiter det at det ein gong vart teken ein endå større laks, men det er ei soge for seg. Verdsklasse var det i alle fall. Rekordbøkene fortel at den største laksen i verda vart teken i Tanaelva i Finnmark ein gong på 1930-talet, han var rundt 35 kilo.

Bolstadelva vart ei typisk engelskmannelv , det var berre i dei øvste hølane at du fann ein og annan bergensar – den mest trufaste mellom dei var I. B. Fleischer, han med malingfabrikken. Cherrington var nok kongen, han kjøpte seg gard ved elvebreidda, og han gav både grunn og pengar då ungdomslaget skulle reisa seg hus i 1924. Dessutan laga han eit øl så velkjent at du enno finn namnet i vindauga på engelske pubar, sjølv om bryggeriet for lenge sidan er havna i eitt av dei store bryggerikonserna som no dominerer marknaden i Storbritannia.

Men om Cherrington var kongen, så var det Wells som var adelsmannen.

Mesteparten av yrkeslivet sitt hadde han som lærar ved Eton College. Han var fødd i 1871, og vart pensjonert i 1928, så ein gamal mann var han då han første gongen prøvde fiskelykka på Bolstad. Då han gjekk bort i 1963 gjekk han i sitt 93. år.

Cherrington var imponerande å sjå ti l, sant å seia også merkt av den verksemda han dreiv. Alston var bratt i ryggen og hadde ein dugeleg svær bart, han var slik alle tenkte seg ein engelsk kolonioffiser. Wells var liten av vekst, og ingen trong vera i tvil om yrket hans – det var slik lærarar frå ein fornem privatskule skulle sjå ut. Stillfarande var han, men temperamentet synte seg når han langt oppe i elva fekk storfisk på ”prawn” – reker nedlagt på saltlake i syltetøyglas – for det hende ikkje så reint sjeldan at han og roaren måtte ”løypa” seg ned heile elva til sjøen før laksen måtte gje opp.

Det ingen visste, var at han i sin ungdom var ein stor idrettsmann, med rugbyfotball som det viktigaste. Der var han på landslaget, han var til og med lagleiar for dei.

Ein ordensmann var han. Så då Storbritannia måtte devaluera pundet sitt til halve verdien i høve til dollar i 1949 og Wells ikkje hadde råd til fleire turar over Nordsjøen, hadde han teke bortimot 1000 laksar i denne elva åleine.

Wells registrerte kvar einaste fisk med tal og vekt. Sjølvsagt var det ”smålaks” mellom dei tusen, drygt 500 laksar var berre mellom 10 og 15 kilo store. Men 68 av laksane var mellom 20 og 25 kilo store, og 12 av dei var over 25 kilo, den største var i engelske mål på 58 pund, det var i pund det gjekk.

Så det var all grunn til å møta fram på stasjonen denne maikvelden i 1946. Verda var kome på hengslene att, det var fred i landet og engelskmennene kom med nattoget, med ekstra stopp på Bolstad!

Elva renn like stor og vakker i dag som den gongen. Men på slutten av 1980-talet kom det økologiske samanbrotet. Fisken – storfisken – vart borte, elva vart freda, og kvar sommar er forskarane på plass på leiting etter Vossolaksen. Genane finst framleis, i genbanken i Eidfjord, og Vossolaksen er stamfar til mesteparten av oppdrettslaksen i dag. Så kanskje kjem ruggane tilbake, når dei greier å koma seg gjennom lakselusbeltet ut mot havet!