Sognefjorden har gjort sitt beste for å reflektera det vesle som har funnest av dagsljos denne andre onsdagen i advent. Natta er på veg tilbake. Regnet siler ned, klokka er halv seks, og eit lite opptog av små og store forsvinn inn i fjøset til Agnes og Erik Lidal. Garden deira ligg i stranda mellom Vangsnes og Vik.

Tjue kyr et silofôr og ensar knapt at dei har fått besøk. Ti år gamle Åsa og broren Anders på åtte pakkar opp fela og trekkspelet. Dei er klare for førjulskonsert i fjøset. Veslebror Ivar på fire er med som vanleg. I fjor song han «Det lyser i stille grender» for kalvane etter at dei andre var ferdige med sin del av konserten. Alle er spente på om han tek reprise i år.

— Nei, nei, eg vil ikkje syngja her, seier han. Det hjelper ikkje kor fint dei vaksne spør.

Åsa og Anders spelar den eine julesongen etter den andre. Kyrne er framleis mest opptekne av å eta silo, men somme ser opp, lurer på kva det er som skjer. Ei strekkjer ein lang sleik etter trekkspelet.

Det er visst best å halda kukonsert når tilhøyrarane er ferdige å eta, då har fjøs-musikantane opplevd full konsentrasjon og tjue par ku-auge retta mot seg samstundes.

— Det er no ikkje berre kyrne me spelar for, det er no for dei som stiar òg, seier Anders.

Fem-seks fjøs i Vik plar få besøk av Åsa og Anders med følgje før jul. Somme må venta på julemusikken heilt til veslejulafta, andre får konsert litt tidlegare.

Mykje musikk

Ideen om fjøskonsert kom opp fordi foreldra, Jens Brekke og Brit Eli Vassli, fortalde om då dei var små, og at det då aldri var snakk om å starta julefeiringa før alle på garden var ferdige i fjøset. Åsa og Anders fekk lyst til å laga til julestemning til dei som framleis held stand hos dyra. Dei heldige er bønder i Vik som familien kjenner godt.

Jens, Brit Eli og dei tre ungane bur med høner og hane høgt oppe i lia med utsyn rett vestover Sognefjorden. I stova er langbordet dekka med legobygg og duplofigurar. Salongbordet er fullt av spel og Bamse-blad. På flygelet ligg stablar med songbøker og notar, i ein krok står eit trekkspel og ein felekasse. Nede i gongen tronar kontrabassen til far.

Adventskalendaren med legofigurar står øvst på kjøkenhylla og er minne om at jula er på veg, også her i huset. Ein kalender delt på tre ungar.

— Juleførebuingane våre handlar mest om musikk, lite om baking og vasking og julehandel, seier Brit Eli. I tillegg til fjøskonsertane spelar Åsa og Anders på pensjonistmøte og på aldersheimen før jul. Kvar ettermiddag øver dei på julesongane.

— Og så lagar vi julegåver i verkstaden, eg spikkar på ein kniv som eine onkelen min skal få, fortel Anders.

Ingenting hastar

Her er det ingenting som hastar denne adventsettermiddagen. Anders har nett vore nede i vegen og møtt Åsa som kom med skulebussen frå Vik. Mor lagar middag, Ivar viser oss ein liten legobåt han har bygd.

Klokka er berre halv tre, men alle er heime. Anders og Jens fortel om originalteikningane til Kittelsen, som dei fekk sjå på Nasjonalbiblioteket i Oslo i haust. Anders har dessutan lånt ei bok om teiknaren på biblioteket.

Familien var i Oslo på teatertur, dei såg «Frendelaus». Eit par gonger i året er dei av garde til Oslo eller Bergen på teater. Det er ein slags kompensasjon for fjernsynsmangelen her i huset. I denne heimen går nemleg livet sin vante gang utan daglege adventsrapportar frå Skomakergata, her blir det både laurdag og søndag kvar veke utan barne-tv som starthjelpar på dagen.

— Det er ikkje det at me er slike fanatiske fjernsynsmotstandarar, men me vil gjerne bruka tida annleis, me får tid til å gjera så mykje anna kjekt i lag når me ikkje har fjernsyn, seier Jens.

— Sjølvsagt går ungane våre glipp av noko på denne måten, men me meiner dei får med seg mykje anna i staden.

— Eg saknar ikkje å ha fjernsyn, seier Åsa frå bakom Donald-bladet anno 1963. Anders kjem berande på ein kjempetung, brun koffert full av faren sine gamle teikneseriehefte.

Heimelaga pølser

Brit Eli inviterer til middag med utsikt. Heile den breie fjorden midt imot, levande lys, heimelaga pølser, poteter og grønsaker frå eigen åker på bordet. Og som vanleg syng dei for maten. «Å du som mettar liten fugl», i tredelt kanon.

Ivar forsvinn etter kvart ein tur under bordet. Dei andre tek seg god tid.

— Vi har ekstra lange måltid no i adventstida, seier Jens.

Til dessert er det heimelaga mandelis og hermetiske pærer frå naboen sin hage. Familien hentar mjølk på ein gard ein gong i veka, separerer sjølve og lagar ofte is av fløyten.

I sommar hadde dei kalv, geit og nokre gjæser. Ungane er med på alt slags utearbeid.

— Ein dag pressa me 90 liter eplesaft, då var Ivar heilt utsliten etterpå, seier Anders.

Jens og Brit Eli jobbar tilsaman tre kvart stilling. Han er spesiallærar og kordirigent, ho musikkterapeut. Dei er privilegerte, har ikkje gjeld og kan difor operera meir på heimebane enn folk flest.

Kvar dag etter middag og lekser er det speling. Dei har alltid noko å øva på, noko det er kjekt å spela i lag. Anders, far og mor er flittigast på pianoet, Åsa held seg mest til fela.

— Eg berre syng, eg, seier Ivar, som elles driv på med sitt når dei andre musiserer. I dag går det i julesongane, ein menuett og tohendig Händel.

«Klinikk» står det på døra inn til den store snikkarverkstaden i kjellaren. Ein uferdig trebil ligg på høvelbenken og ventar på montering. Anders spikkar vidare på gåva til onkelen. Ivar teiknar ein stor fisk på ei fjøl. Faren set i gang saga og skjer han ut. Det skal også bli ei julegåve.

— Eg ønskjer meg Bob-lego til jul, seier Ivar. - Eg veit ikkje kva eg ønskjer meg, jau, smørbukk-karamellar, seier Anders. På Åsa si ønskjeliste står Kong Haakon-konfekt og ein glansbileteperm.

Alle tre gler seg til jul, men nett no gler dei seg aller mest til alle fjøskonsertane.

ØVING: Sidan det finst så få piano i fjøsa i Vik, må Anders øva seg på å kompa Åsa på trekkspel.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH
SKUMMEL TYPE: Ivar er minstemann i huset.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH
HUSKONSERT: Kvar einaste ettermiddag spelar Jens Brekke og Brit Eli Vassli saman med Åsa og dei andre borna sine.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH
MIDDAGSUTSIKT: Frå kjøkenbordet har familien full kontroll over Sognefjorden.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH
FJØSKONSERT: Fem-seks fjøs i Vik i Sogn får kvart år førjulsbesøk av Anders, Åsa og Ivar Brekke. Dei held julekonsert for både folk og fe.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH