Livleg: Kundane fekk berre gratis kaffi då det omdiskuterte Knarvik-polet opna i går. Men bak i lokalet gjekk praten livleg om sterkare saker.


- Oj! Oj! Oj! Hennessy, du!

- Ja, den er god.

- Og dyr. Kva har du kjøpt?

- Absolut Citron. Den skal eg bruka til skyllevatn.

- Skyllevatn???

- Ja, den er veldig god til å skylla halsen med. Eg har brukt han i alle år.

- Svir vel godt i halsen den?

POLDRØSEN gjekk livleg om både søtt og sterkt, vått og fruktig. Her studerer Hans Leiknes vareutvalet mens Harald og Aslaug Seljelid avventar situasjonen. ARKIVFOTO (1999): RUNE SÆVIG

- Ja, han tek tabben på alle basillar.

- Men du svelgje vel ikkje ned?

- Nei, da trenge du ikkje, ikkje hvis du er avhalds då ... Den er super mot flunso, reine førebygginga, det.

- Det er ikkje vitskapeleg bevist.

- Å, jo! Det var ein lege som sa det til meg. Han var neger ...

- Kor mange prosent er den, sa du?

- Førti.

- Og kva måtte du gi?

- Tjaa, det var vel 288,80.

- Ja, her står han i prislista, ja!

- Jaja ...

- Velvel vel vel ...

- Og du har ikkje kjøpt noko endå? Der borte står fem ekspeditørar som berre ventar på deg ...

- Jo, eg skal kjøpe meg ei flaske, eg skal ha henne som suvenir, første dagen polet opna i Knarvik!

- Unnskyld meg, eg kjem frå Strilen ...

- Eg òg, eg er stril eg òg.

- Eg kjem frå avisa Strilen.

- Ja, det er det eg seier, eg er stril eg òg.

- Ja, då har vi noko felles ...

- Om eg har noko å fortelja???

- Nei, ehhh, kan eg spørje deg kva polet i Knarvik betyr for deg?

- Ingenting. Eg har kjellaren full av varer allereie.

- Har du?

- Ja, men det er no likevel eit framsteg. For tretti år sidan var her ikkje eit einaste hus på Knarvik. Berre nokre åkerlappar og nokre kyr og nokre sauer. Og no er det berre sauer ... Ha ha ha!

- Kan eg knipsa eit bilete av deg?

- Nei, det veit eg ikkje... Då må eg gøyme avisa unna for kona ...

- Og kva med deg?

- Jo, eg er glad for at polet kom. For no hadde eg ikkje meir skyllevatn igjen...

- ?

- Jaja.

- Nei, no får eg gå bort og beskjeftiga desse kvinnfolka bak disken ...

- Jaja, pol i dag og i morgon er det udlatur ...

- Udlatur?

- Ja, vi skal til Øystese i Hardanger.

- Å, eg er så lei desse udlaturane!

- Hugsar du då vi var på Mallorca? Der var det plenty smaksprøvar, du ...

- Ja, her har dei berre kaffi. Det skulle ha vore sjølvbetening og smaksprøvar.

- Då hadde eg komme hit kvar dag! Fått meg litt flytande frukost ...

- Og der er Martini. Den er god.

- Ja, og prisen er ikkje noko å seie på. Flaska er full heilt til toppen.

- Men Jägermeisteren kostar 309,80 ...

- Ei stund likte eg ikkje Jägermeister. Men så ein kveld smakte eg på han. Og då var han god.

- Hadde han komme seg då?

- Ja, han gikk no an.

- Nei, du får ta deg ein genever du som er så hard på den medisinen. Genever er reine medisinen.

- Nei, genever likar eg ikkje.

- Men det er god medisin.

- Jaja, det er det vel.