LENA VERMEDAL

— «Look to Bergen», seier Arne Trageton, førsteamanuensis ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH). Han er far til metoden som handlar om å skriva seg til lesing.

I Bergen var to skular med i pilotprosjektet hans som starta opp i 1999. No har nær to tredelar av skulane kasta seg på pc-bølgja.

— Pc er eit mykje enklare skrivereiskap enn blyant. Leik på tastatur aukar skrive- og lesegleda og barna slepp å streva med motorikken, seier Trageton.

Bruk av IKT i småskulen har fått utdanningsminister Kristin Clemet si velsigning gjennom stortingsmeldinga «Kultur for læring». No skal seksåringane byrja lese- og skriveopplæringa i første klasse.

- Skapar ikkje taparar

I ein alder av 68 år er Arne Trageton pensjonist, men held framleis koken. Nyleg heldt han sju kurs på sju dagar i ulike byar i Norge.

— Eg trur det tek fem år, så er dette innført i Norge. Særleg når store kommunar som Bergen og Oslo kjem med, seier Trageton til BT.

Han er imponert over organiseringa i Bergen der kommunen aktivt har gått inn og sørga for samlingar for lærarar og sal av brukt datautstyr til skulane.

Kjellaug Ellingsen, spesialkonsulent i byrådsavdeling for oppvekst - avdeling skule, har vore ansvarleg for prosjektet i Bergen kommune.

— Pc er heilt klart ein meistringsreiskap. Alle skriv like fint. Me skapar ikkje taparar, seier Kjellaug Ellingsen.

Ho strekar under at kommunen ikkje ønskjer å styra skulane. Det er opptil kvar enkelt skule å velja læringsmetode.

- Løkkeskrifta kan dø ut

Ved Sælen skule i Bergen er inspektør og IKT-ansvarleg, Lisbeth Morland, positiv til ordninga. Elevane får byrja med leik på tastaturet i første klasse. I andre klasse lagar dei temabøker med teikningar og tekst til.

— Ungane skriv brev og forteljingar som berre det. Mange fleire klarer å skriva. Det verker som om det losnar tidlegare for fleire, seier Morland nøgd.

Foreldre har vore bekymra for handskrifta si framtid når pc-en tek over. Arne Trageton spår at løkkeskrifta vil bli upraktisk i skulen i framtida.

— Eg håpar han tek feil og trur handskrifta vil leva også om ti år, seier rektor Lars Bakka ved Sagvåg skule.

— Me seier ja takk begge delar, seier inspektør Morland på Sælen skule.

Denne våren skal prosjektet evaluerast. Resultata er venta til hausten.