Ordføraren i Lærdal har sagt nei til å stille som ordførarkandidat for Lærdal Ap neste periode. Det har lenge vore kjent at Aarethun har telt på knappane. Ifølgje Sogn Avis gav han nominasjonsnemnda i partiet den endelege meldinga om at han ikkje tek attval i går.

– Skulle eg ha stilt for ein ny periode, ville eg nærma meg 70 år før eg var ferdig, seier han.

Aarethun har 40 år bak seg i politikken når han no legg inn årane. Han har vore både fylkesordførar og fylkesvaraordførar. Sogningen har vore sterkt omstridd. Hans fylkespolitiske karriere tok slutt med at han blei vraka av partiet. Då gjekk Aarethun tilbake til kommunepolitikken, og blei ordførar i Lærdal.

Her har han utetter markert seg som ein kraftig kritikar av Helse Førde, som faktisk også er hans eigen arbeidsgjevar. Aarethun var økonomisjef på sjukehuset i Lærdal, og har hatt permisjon dei åra han har vore ordførar. Neste haust må altså Helse Førde finne arbeid til sin største kritikar. Om Aarethun vil tilbake då.