TERJE ULVEDAL

Ein rapport om behandlingstilbodet for barn og unge med ADHD feller ein knusande dom over hjelpeapparatet. Rapporten, som Sintef har gjort på oppdrag frå Sosial— og helsedirektoratet, blir offentleggjort i dag. Konklusjonen er at systemet, frå barnehagar, skuleverk og, PP-teneste, til primærhelseteneste, sjukehus og sosialkontor, har for dårleg kompetanse på ADHD.

I gjennomsnitt tek det fire år frå foreldra første gong blir merksame på symptoma, til barnet har fått stilt diagnosen. I rapporten blir mangelfull samordning av tiltak og tenester peika på som eit området der det sviktar.

Usikre foreldre

Men når det ofte tek svært lang tid før eit ADHD-barn får hjelp, er noko av grunnen at foreldra ikkje veit kvar dei skal gå for å få hjelp. Heile tre av fire familiar var usikra på kvar dei skulle vende seg. I tillegg opplever foreldre det som vanskeleg å forklare problemet overfor dei som skal yte hjelp, helsepersonell og tilsette innan skuleverket og sosialetaten.

— Rapporten viser at behandlingstilbodet til barn og unge med ADHD er mangelfullt. Det tek for lang tid før vi oppdagar barna. Dette er alvorleg fordi det overfor desse gruppene er viktig å setje i gang tiltak og behandling så tidleg som råd, seier prosjektdirektør for rus og psykisk helse i Sosial- og helsedirektoratet, Mari Trommald.

Ho meiner rapporten avdekkar kompetansesvikt. Dei som skal yte hjelp, har ikkje nok kunnskap om ADHD.

— Vi vil no føreslå tiltak for å betre tilbodet. Mellom anna arbeider vi for å etablere eit kompetansenettverk som skal drive forsking, fagutvikling, undervisning og rettleiing. Dette skal bidra til at folk som stiller ein diagnose har nødvendig kunnskap.

— Kva med meir pengar?

— Vi meiner at mange av tiltaka alt ligg der. Det viktigaste er å auke kompetansen i det eksisterande apparatet, og få meir fokus på denne gruppa.

Store mørketal

Kring 2,5 prosent av norske barn har diagnosen, men mørketala er store. Mykje tyder på at langt fleire er ramma, utan at dei har blitt diagnostiserte.

— Dette er avdekka i andre land, der det har blitt gjort meir nøyaktige undersøkingar. Vi trur ADHD er ei underdiagnostisert liding, seier Trommald.

ADHD skuldast ein dysfunksjon i hjernen. ADHD-barn er ofte overaktive, har store konsentrasjonsvanskar og vanskeleg for å gli inn sosialt. Ofte følgjer tilleggsproblem, eksempelvis lære-, lese- og skrivevanskar. Unge med ADHD som ikkje får hjelp, får store vanskar med å tilpasse seg samfunnet, og endar ofte i kriminalstatistikkane.

— Men det er også viktig å få fram at det trass alt går bra med mange. Men det er slik at mange som blir dømde i norske rettssalar, ser ut til å ha hatt slike problem i oppveksten. Dette gjer sjølvsagt at det er svært viktig å komme inn med behandling så tidleg som råd, for å hindre ei skeiv utvikling, forklarar Trommald.

Direktoratet arbeider no med å utvikle retningslinjer for diagnostisering og behandling. Det mest vanlege behandlingsmetoden er å gje ritalin, eit sentralstimulerande legemiddel.