— I relativt nær framtid vil nok ytterlegare mellom 10 og 20 få varsel om permittering, seier verftsdirektør Arne Jan Engen til Bergens Tidende.

Havyard Leirvik er hjørnesteinsverksemda i sognekommunen. Verftet, som normalt har kring 200 tilsette, står med eit einsleg oppdrag i ordreboka, utrusting av ein fiskebåt. Når dette arbeidet er slutt i februar, er det tomt.

— Vi arbeider for å få inn ein del ombyggingsoppdrag som vi kan ta på kort varsel. Håpet er at slike prosjekt skal sikre at det ikkje blir full stans, seier Engen.

Han legg ikkje skjul på at 2004 uansett blir eit vanskeleg år for selskapet. Dersom Havyard Leirvik hadde fått ei storkontrakt no, ville dei ikkje kunne starta arbeidet før etter sommarferien neste år.

Litt lenger fram ser det derimot betre ut:

— Eg både håpar og trur at vi skal greie å fylle ordreboka for 2005. Vi arbeider med fleire store prosjekt, i same gate som dei vi har bygt dei siste åra. Nokre av dei er nesten for store for oss, men vi håpar i alle fall å ha fått på plass eitt oppdrag før jul, seier Engen..