Når forskotteringar og slikt er betalt attende, er det att berre 8 millionar kroner årleg til andre tiltak på fylkesvegane i Hordaland.

I alt har fylket 320 millionar kroner å fordela på dei åtte åra fram til og med 2011. Det er 80 millionar kroner mindre enn fylkespolitikarane trudde dei ville ha då dei vedtok fylkesvegplanen for 2002-2011. I vinter og i vår har ei ad hoc-gruppe sett nærare på korleis armoda skal fordelast.

Det gjorde ikkje saka betre at Statens vegvesen i vinter kom med alarmerande opplysingar om skrøpelege hengebruer på fylkesvegane — særleg ute mot kysten.

Det gjekk på tryggleiken laus, og politikarane har ikkje våga anna enn å la vegvesenet få det dei ber om for å bøta på dei verste skadane.

Verst er faren for Gamle Nygårdsbru i Bergen, men der krevst det store ombyggingar på grunn av bybana, slik at dei naudsynte utgiftene her truleg vert dekka innanfor Bergensprogrammet. Sakene skal avgjerast av fylkestinget på møte i Ullensvang i juni.