— Når bjørnen no er godkjend som menneskeføde, vil auksjonen bli avvikla i morgon, seier viltforvaltar Hermund Mjelstad hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

— Vi kjem til å setje ein minstepris på 100 kroner kiloen.

Les også: Bjørnen er skoten

I Oppland enda ein auksjon for ei tid tilbake med ein salspris på 210 kroner. Ifølgje Mjelstad har tre-fire serveringsbedrifter meldt si interesse for å kjøpe kjøtet av bjørnen som søndag føremiddag blei skoten på Vetlebreen i Fjærland. Mellom desse er Brevasshytta ved Bøyabreen. Slaktevekta på dyret er 90 kilo. Informasjon om auksjonen kjem til å bli lagt ut på nettsidene til Fylkesmannen.

— Sjølv om bjørnekjøt nett ikkje er kvardagskost i Sogn og Fjordane, reknar vi ikkje med det store rennet. Vi legg opp til nokre bodrundar, og at vi i morgon ettermiddag skal ha avgjort kven som får tilslaget.

Også skinnet av den første bjørnen som er skoten på Vestlandet på 52 år, er omfatta av stor interesse. Sogndal kommune har alt søkt, og både Brevasshytta i Fjærland og Skei Hotel i Jølster vil stoppe ut bjørnen. Derimot har Bremuseet i Fjærland ikkje tenkt å kaste seg inn i kampen. Direktoratet for Naturforvaltning avgjerd kven som får skinnet etter søknad.

— Kommunar, museum og liknande institusjonar blir normalt prioriterte, opplyser viltforvaltaren.

Kva synest du om at bjørnekjøtet blir auksjonert bort? Syng ut i kommentarfeltet!

SKOTEN FIRE GONGER: Hannbjørnen er om lag 190 cm lang og veg rundt 125 kilo. Det er den første bjørnen som er skoten på Vestlandet på over 50 år.
GAUTE BØYUM