Den gamle mannen planla aksjonen mot Kvamme, som i fjor vår representerte pensjonisten sin son i ein eigedomstvist i Sunnhordland. 85-åringen meinte advokat Kvamme laug i retten, og møtte 26.juni i fjor opp på advokatkontoret med ei brusflaske blanda med terpentin.

85-åringen kjøpte terpentinen i Bergen og overnatta på hotell på Stord for å gjennomføra aksjonen mot Audvald Kvamme.

Tidleg på morgonen troppa han opp hos advokaten og presenterte nokre dokument som han kommanderte Kvamme til å lesa.

Kvamme hadde funne fram kaffi til gjesten, og kikka i dokumenta då 85-åringen brått tok fram flaska som han tømte mot andletet og kroppen til Kvamme.

Advokaten spratt opp frå stolen og fekk overmanna 85-åringen etter eit basketak. Den gamle mannen slo til advokaten i andletet og kasta blomejord mot han, men måtte til sist gje tapt. Deretter blei han henta av politiet.

Audvald Kvamme sa i Sunnhordland tingrett at han hadde fått eit førevarsel om at den gamle ville «ta» han, og vedgjekk at han nok hadde teke for lett på alvorlege trugsmål som 85-åringen tidlegare hadde sett fram mot han.