Hordaland HV-distrikt (HV 09), som femner om Bergen, dei 22 næraste landkommunane og litt av Kvinnherad, hadde ikkje nye soldatar til vurdering i fjor, men «avskilta» 15 av sine gamle.

Avviste nye

Fjordane HV-distrikt (HV 10), som dekker resten av Hordaland og heile Sogn og Fjordane, avviste 36 nye soldatar, og 33 gamle.

— Vi har ei oppsetting på 4575 mann og vurderte 943 potensielle nye soldatar i 2001. Av desse vart 36 underkjende, opplyser personelloffiseren, kaptein John Morten Selsvik, ved HV 10-hovudkvarteret på Skei i Jølster til Bergens Tidende.

Rundt 4.000 nye soldatar var i fjor modne for Heimevernet i dei 37 kommunane som HV 10 femner om, viser oversyn frå Vernepliktverket. Dei 943 som i fjor vart plukka ut, vart vurdert av HV-nemnda i kommunen der den einskilde soldaten høyrer heime.

Mange å ta av

— Rundt 350 av våre soldatar går ut grunna oppnådd alder kvart år. I tillegg går nokre ut grunna sviktane fysisk helse, og nokre få blir ueigna til å ha ansvar for våpen heime, forklarar Selsvik.

Med over 900 nye klarerte kandidatar har han rikeleg å ta av etter kvart som nye skal kledast opp for fylla opp talet på 4575.

HV 09 har eit mindre geografisk område, men fleire folk. Dei er oppsett med 7100 mann, og har ein rotasjon (fornying) på ca. sju prosent årleg.

— I fjor trong vi ikkje klarera nye soldatar, heller ikkje i år. Vi har mange nok klarert tidlegare til å fylla rekkene. Talet skal dessutan reduserast noko fram til 2005, opplyser sjefen for HV09 si personellavdeling, major Hans Ivan Anunskås, til Bergens Tidende.

Ny sjekk

Men etter ordre frå Generalinspektøren for Heimevernet i 2000, sender HV-distrikta alle sine «gamle» soldatar gjennom dei kommunale HV-nemndene for ein ny sjekk.

Som eit resultat av denne gjennomgangen vart 15 mann i HV 09 og 33 mann i HV 10 underkjent i 2001.

— Det er ein omfattande prosess for nemndene, som må innhenta opplysningar frå mange hald. Vi rakk over 1123 før årsskiftet, og av desse må 15 strekka våpen, fortel Anunskås.

HV 09 har lagt opp eit løp for å ha regodkjent alle sine 7100 mann innan 1. juli i år. Dette var initiert før episoden på Geilo.

Fram til Generalinspektøren sin ordre i 2000 vart HV-soldatane sin evne til våpenansvar berre sjekka ved inntaket og når alarmerande meldingar kom HV-området for øyra. Heretter skal alle regodkjennast kvart 4.-5. år.