Politiet trur at det grove ranet skjedde i løpet av føremiddagen. Men 82-åringen fekk så kraftig bank at det kan ha gått fleire timar før han kom seg på beina, og fekk varsla folk. Politiet fekk melding om ranet først i 14.30-tida.

Kraftig forslått

— Han var kraftig forslått, og ting tyder på at mannen har vore medvitslaus ei stund, seier lensmannen i Luster, Asle Karoliussen.

Ranaren har truleg fått med seg ein pengesum av ukjent storleik, og området rundt huset i Gaupne sentrum er sperra av. 82-åringen bur aleine, og det er ingen andre vitne til ranet, men politiet har visse spor å gå etter.

— Ut frå opplysningar vi har fått, kan det tyde på gjerningsmannen er av utanlandsk opphav, seier Karoliussen til bt.no.

— Kjende 82-åringen og ransmannen kvarandre?

— Vi ønskjer ikkje å gje detaljerte opplysningar så tidleg i etterforskinga. Det som er klart no er at dette er ei alvorleg ranssak med omfattande skader. Så tek vi det vidare derfrå, svarar lensmannen.

Køyrt til sjukehus

82-åringen vart køyrt til Lærdal sjukehus måndag ettermiddag.

— Han er her og har det etter tilhøva bra, var alt turnuslege Ida Sletten ville seie om tilstanden hans måndag kveld.

RAN: Politiet har sperra av området rundt huset til den 82-årige mannen.
Foto: Arne Eithun, NRK Sogn og Fjordane