Utsleppet skjedde frå eit gardsbruk i sentrum, og delar av gjødsla skal ha runne inn i hagen til Mundal hotell.

Mesteparten av møka rann likevel ut i fjorden via ein veg som går mellom kyrkja og hotellet. Brannvesenet var i natt på staden og spylte vegen.

Det skal ha stinka rimeleg heftig i området i natt, og indre del av Fjærlandsfjorden er framleis brunfarga.

Det var eit utelager i betong som kollapsa. Ifølgje fleire nettaviser skal gjødselsiloen berre ha vore i bruk i kring eitt år.

Bonden som eig gjødseldeponiet, Anders K. Mundal, seier til firda.no at han hadde blanda mykje vatn i møka gjennom året, slik at massen var tyntflytande.

Firmaet som bygde gjødsellageret skal no vere på staden for å sjå på det som har skjedd. Klokka 13.38 reiste også politiet til staden etter oppmoding frå landbrukskontoret i kommunen.

2211-tipser