Det var i 02-tida natt til laurdag at mannen fann det for godt å entre stillaset utanfor Sundt-bygget på Torgallmenningen.

At politiet kom til og ga han klar beskjed om å kome ned att, hjalp ikkje det minste. Først etter at ein brannbil var rykt ut og på plass ca kl. 02.30, gjekk 36-åringen frå Bergen med på å klatre ned.

— Vi har gitt mannnen ei bot på 8000 kroner. Det skal koste å utløyse slike unødige utrykningar for brannvesenet, seier politiadvokat Trond Høvik.

36-åringen måtte også bli med på politihuset for å sove ut rusen i arresten.