«Tvangsekteskap er sjeldan vellukka» og «Slå heller saman Katten, Tanks og handelsgym» var blant parolane då engasjerte Stord-elevar tok fri dei to siste skuletimane i dag for å skrika ut motviljen mot samanslåing.

Fylkesrådmannen vil spara 55 millionar kroner på samanslåing og nedlegging blant vidaregåande skular i Hordaland. På Stord finst ingen entusiasme for framlegget om å slå saman dei to skulane på kvar side av Vikastemmo ovanfor Leirvik sentrum.

— Me tapar ein rektor, to inspektørar og PPT-teneste. Det er klart det blir verre tilbod for elevar på Stord. Ein skule på 800 elevar er altfor stort, meiner elevrådsleiar Eldar Tranøy ved Stord yrkesskule og kollega Marte Harkestad ved Stord vidaregåande skule.

Samanaslåinga er tenkt gjennomført alt neste haust. Fylkestinget avgjer saka på sitt desembermøte. Fylkesutvalet drøftar saka på sitt møte i Alversund onsdag og torsdag denne veka.

ROPTE UT PROTEST: Alle dei 800 elevane ved Stord vidaregåande og Stord yrkesskule ropte ut protesten mot samanslåingsframlegget på ei samling i Borggarden i Leirvik sentrum mandag.
FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR