Statens vegvesen hadde stilt seg opp på Vikaleitet, Søfteland og Grimen i dag. Til saman blei 7200 bilar kontrollert, og 80 personar måtte punge ut 750 kroner for manglande bilbeltebruk.

– Det er relativt bra. Tendensen er at dei som køyrer langt bruker bilbelte meir enn dei som køyrer lokalt, seier Arve Løtveit, inspektør i utekontrollen i Statens vegvesen.

Det blei også delt ut åtte gebyr for manglande førarkort og piggdekkbruk. Ti køyretøy blei avskilta på teknisk grunnlag, og to blei meldt for brei last.