Ein 80 år gammal mann vart meldt sakna frå sjukeheimen i Sogndal i ettermiddag.

Mannen blei sist sett ved hotellet i Sogndal sentrum klokka halv fire.

Ein time seinare starta leiteaksjonen. Røde Kors, politiet, samt Norske redningshundar, tilsette ved sjukeheimen og mannens familie deltek no i leitinga.

– Han er høg, tynn, har grått hår og briller og er iført lyse, beige kle og brune sandalar. Han er dement og kan verke forvirra, seier operasjonsleiar Wenke Hope i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Omlag klokka 18.45 blei mannen funnen i sentrum, og ført tilbake til sjukeheimen. Ifølgje politiet skal mannen vere i bra form.