— Då han vart forbikøyrd vart han så stressa at han køyrde rett av vegen, seier operasjonsleiar Rune Hollekim ved Haugalandet og Sunnhordland politikammer. Ulukka skjedde klokka 18.15, og politiet vart tilkalla.

— Mannen hadde kørd noko vinglete og uryddig før han hamna i grøfta óg, så det var mistanke om promille, seier Hollekim. Sjølv om sjåføren viste seg å vera edru, etter å ha blese i politiets promillemålar, vart førarkortet inndrege.

— Dette er ein svært ulukkesutsett veg. Det er ikkje bra å køyra for fort, men heller ikkje godt å køyra for seint heller. Folk må finna den gyldne middelveg. Det er dessutan viktig at folk tek ansvar og leverer inn førerkortet sjølv når dei ikkje kjenner seg i stand til å køyra. Her kviler det også eit ansvar på familie og dei som elles ser at køyringa vert uforsvarleg, seier Hillekim.