Statsadvokat Bjørn Soknes erkjende i si prosedyre fredag føremiddag at det ikkje finst gode nok prov til å dømme den amfetamintiltalte 35-åringen frå Stryn for å ha kjøpt inn åtte kilo amfetamin og seld vidare seks av dei.

Problemet er det såkalla lynlåsprovet, sa Soknes.

– Etter forklaringa frå bokhandlaren i Stryn er det klart at vi ikkje kan prove godt nok at tiltalte og krinsen rundt han kjøpte over 5000 lynlåsposar.

Dermed har pose-provet verka stikk mot det påtalemakta la opp til: I staden for å heve kvantumet, er det blitt ein dempande faktor i bevisføringa mot 35-åringen.

– Vi klarer knapt å prove at han har brukt fleire lynlåsposar enn til det kvantumet han har tilstått, sa Soknes.

Tiltalen går på innkjøp og eige av åtte kilo amfetamin og vidaresal av seks kilo.

No meiner Soknes at 35-åringen ikkje kan dømmast for meir enn < >.

Bevistema i saka er kvantumet amfetamin 35-åringen har handtert, og om hans 55-årige mor kan dømast for medverknad.

Alt over tre kilo amfetamin er rekna som eit «meget betydeleg» kvantum i strafferettsleg forstand, og har ei strafferamme på 21 års fengsel.

Aktors straffepåstand overfor 35-åringen, mor hans og ein kompis kjem seinare fredag.

bt.no kjem tilbake med meir.