– No tel vi! Klar, ferdig, GÅ!

På ein blunk er fjorden full av badenymfer. Nokre tek seg tid til eit par symjetak, medan andre har peiling direkte på stigen, der det fort blir kø.

– Det kjennast varmare ut i dag enn i går, seier Eli Veim.

Og ganske riktig. Frå i går har badetemperaturen stige med ei og ei halv grad. No er den oppe i komfortable 8 grader ...

Fløyelsbad

I dag er det lett å hive seg uti. Vatnet er klart og fint, og saman med ein herleg lufttemperatur og ei varmande sol går badet inn i historia som eit kunstnarisk fløyelsbad. Det er verre når kuldegradene riv i sjela saman med ein stiv kuling. Men damene er klare på at dei aldri har stått over eit bad på grunn av vêret. I vinter har det derimot vore veldig mykje stygt vatn.

– Vi har ringt Havnevesenet fire gonger. Det er ekkelt å bade i oljesøl og skit. Hadde det skjedd om sommaren, ville det blitt ramaskrik, meiner Ingrid Aarset.

Dagleg forfrisking

Kvar dag i lunsjpausen møtest «De badende kunstneres forening» til eit forfriskande dykk i iskaldt vatn. Dette har dei gjort sidan august 2002. Den første vinteren flytte dei på alt av avtalar for ikkje å gå glipp av ein einaste badedag.

– Vi måtte bevise for oss sjølve at vi kunne klare å bade kvar dag ein heil vinter, men no er vi ikkje like ekstreme, seier Lene Stokseth.

På land er ho godt innpakka i badekåpe og varm trøye, sjølv om det er over 20 varmegrader i dag. Ja, til og med raggsokkar har ho på. Ein blir ikkje automatisk kuldekjær av å bade i isvatn.

– I går angra eg på at eg ikkje hadde på meg hue, seier ho og smiler mot sola.

Anbefaler fleire å bli med

På Verftet jobbar om lag 60 kunstnarar. Alle sit inne og held på med sine eigne ting. Dei fem spreke damene oppfordrar fleire til å slenge seg med.

– Det var ein mann som prøvde seg ein gong. Han fekk så mykje merksemd at han gav seg, ler dei.

8 VARMEGRADER I VATNET: Ida Helland-Hansen, Johanne Monrad, Eli Veim, Ingrid Aarset og Lene Stokseth nyt ein kjølig dukkert.
eirik brekke