— Dette viser at folk er opptekne av miljøet, og at dei er interesserte i alternativ til flyreiser, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Det er ei meiningsmåling utført av Sentio AS for BT som viser den sterke oppslutnaden om lyntog i hovudstaden på Vestlandet. Spørsmålet som vart stilt var dette:

— Bør en byggje høyhastighetstog mellom de store byane i Norge, eller bør flyet vere det viktigaste framkomstmiddelet?

Av 601 som svara sa 490 ja til lyntog. 63 ville heller satsa på flyet, og 48 visste ikkje.

Stor inspirasjon

— Dette er ein stor inspirasjon, og det oppmuntrar oss til å arbeida vidare med vårt prosjekt, seier stortingsrepresentant Øyvind Halleraker (H).

Han seier seg svært nøgd med at partiet sin store lyntogvisjon, Den sørnorske høgfartsringen, skal utgreiast av Verkehrswissenschaftliches Institut i Stuttgart.

Ein ting som er å merka seg med meiningsmålinga, er at lyntog får støtte frå 78,4 prosent av dei som seier dei røystar på Framstegspartiet. Dette er nesten like mykje som lyntogpartiet Høgre. Det rimar dårleg med partiet sin politikk i denne saka, som går på at det ikkje må brukast ei einaste statleg krone på lyntog.

— Det er lett å forklara. Som ein ropar i skogen får ein svar. Spørsmålet som er stilt er altfor enkelt. Her manglar viktige premissar, til dømes kva dette vil kosta, 80 til 100 milliardar kroner og meir enn det, seier stortingsrepresentant Arne Sortevik (Frp).

— Her manglar og ei drøfting omkring kva samfunnet skal bruka pengane sine på. I alle andre land med lyntog har dei for lengst fått vegar med ein standard som vi i Noreg berre kan drøyma om, seier Sortevik.

Trur Frp vert med

Hallgeir Langeland frå SV, er svært nøgd med meiningsmålinga. Frårekna RV, med 100 prosent for lyntog, ligg SV suverent høgast av partia på Stortinget, med 97,2 prosent.

— På 90-talet smilte dei hånleg til SV som gjekk inn for miljøvenleg lyntog. No er både folk flest, næringsliv og politikarar klår over at klimagassutsleppa må ned. At også Høgre har funne ut dette, ser eg berre på som positivt. Og eg tippar at Frp også kjem med på laget snart, seier Langeland.