Eit fast forbrytersk forsett, systematisk svindel og uakseptabelt dårleg forretsningsmoral er stikkorda Nordfjord Tingrett brukar om Kvalheims verksemd gjennom ei årrekke i selskapet OK Fish.

OK Fish-sjef Jarle Kvaheim er i Nordfjord tingrett funnen skuldig bortsett frå på eit punkt som omhandlar brot på likningslova, og er dermed dømt for momssvindel og økonomisk utruskap for drygt 330 millionar kroner.

Knapt på noko punkt har dommar Terje Mowatt i Nordfjord tingrett festa lit til det Kvalheim har forklart på dei punkta han ikkje erkjenner straffeskuld.

Dermed er Kvalheim dømt for momssvindel på vel 293 millionar (ni millionar rakk han ikkje å få utbetalt), for å ha ført vel 20 millionar av salgssummen for to av OK Fish sine dotterselskap gå inn i eit firma han som sjølv og familien disponerte, for rettsstridig å ha tatt ut utbytte frå OK Fish, for grove og forsettelege brot på rekneskapslova, for å ha prøvd å skjule 21,6 millionar av den reelle salssummen ved sal av dotterselskap til Pan Fish ASA.

Dermed skuldspørsmålet avgjort er dommen sagt i den største svindelsaka som økokrim nokonsinne har etterforska. Jarle Kvalheim erkjente i retten straffeskuld for størstedelen av det han var tiltala for, slik at straffutmålinga i praksis har vore viktigaste spørsmålet for settedommar Terje Mowatt i Nordfjord tingrett.

Under rettsaka la aktor Petter Nordeng ned påstand om maksimal straff etter tiltalen, ni års fengsel, for bedrageri og økonomisk utruskap på til saman 333 millionar kroner.

Forsvarar Per Kjetil Stautland meinte at det er fleire formildande omstende, og at ei straff på mellom fire og fem år er passande i denne saka. Kvalheim erkjente straffeskuld for langvarig og storstila momssvindel gjennom selskapet sitt OK Fish, men nekta for tiltalepostane som dreier seg om økonomisk utruskap og personleg vinning.

Retten finn det blant anna bevist at Kvalheim har operert med falske dokument, samt fått refundert urettmessig moms ved hjelp av fiktive firma og personar. Retten har ikkje funne indikasjonar på at andre har vore involvert i transaksjonane, og omtalar Kvalheim som "ikkje truverdig" i denne samanhengen. Også dei transaksjonane i tiltalen som OK Fish har gjort med reelle firma og personar meiner retten er fiktive, og festar såleis heller ikkje på dette punktet noko lit til Kvalheim si forklaring i retten.

Verd å merke seg er også rettens bemerkning om at fylkesskattekontoret seinast i 1997 burde ha avdekka mesteparten av svindelen som Kvalheim dreiv med.

SVINDELDØMT: Jarle Kvalheim
Arkivfoto: Fjordanes Tidende