Ved ransaking i 38-åringen sin heim, blei det i september 2001 funne 983 gram hasj og 7500 Rohypnol-tablettar som var gøymt i uthuset.

Mannen var i Porsgrunn og kjøpte stoffet for 82.000 eller 92.000 kroner, og skulle levera det til ein mann i Haugesund, fortalte 38-åringen i retten.

Mannen er også dømt for å ha truga ekssambuaren sin med ein plombert revolver etter at ho utan lov hadde lest meldingar på mannen sin mobiltelefon. Dagen etter heldt krangelen fram, og den kraftige mannen skubba, beit, sparka og slo kvinna, blant anna med ein kniv og ei lommelykt.

Ved det høvet kom 38-åringen i basketak også med ein annan mann etter at dei to hadde utveksla nedsetjande karakteristikkar om kvar sine mødre. Mannen har site hundre dagar i varetekt for forholdet.